onsdag 30. mai 2012

Eintydig krav: Rettferdig løn!

Ei besøksrunde hos streikande på stand i sentrum avslørte at vi har felles oppfatning av kva streiken dreier seg om: Lønsgapet mellom offentleg og privat sektor er blitt for stort. Vi stilte spørsmålet ”Kva er viktigast for deg i streiken” til folk som stod på stand. Her er nokre svar:

Ann Kristin Nilsen: ”Løn er viktigast; utdanning må løne seg.”

Heming Gujord: ”Vi krev ei rettferdig løn. Det må vere samanheng i lønsutviklinga melom offentleg og privat sektor”

Hege Emma Rimmereide: ”Lønskravet vårt er berre rett og rimeleg. Vi må ha same lønsvilkår som privat sektor.”

Karsten Erstad: ”Det er løn vi streikar for”
Marianne Røskeland: ”Streiken er ein protest mot at lønsforskjellane mellom offentleg og privat sektor blir stadig større”

Stort sett møter dei streikande positive reaksjonar på streiken. Her er nokre døme:

Lars Neegård, pensjonist: ”Eg likar ikkje streik, men eg er einig i bodskapen. Utdanning må løne seg.”
Kari Mette Bergesen, pensjonert lærar: ”Eg må få gje dykk ein klem! Eg er så einig med dykk! Stå på!
Øivind Bjørkås, jurist i det offentlege: ”Eg støttar streiken! Det er viktig å forsvare offentleg inntektsutvikling opp mot privat lønsleiing.”

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar