tirsdag 5. juni 2012

Studentar hardt ramma av streiken

Den siste veka har hundrevis av studentar fått eksamenane sine avlyst. Førebels er det særleg
lærarstudentane ved HiB som har vore råka. Verst er det for avgangsstudentane. Mange av dei har skaffa seg jobb rundt om i landet – no risikerer dei å starte lærargjerninga si som ufaglærte.

Bt.no skriv om 1600 studentar ved Høgskolen i Bergen, som ikkje får eksamen for vårsemesteret på grunn av streiken.

Vi har snakka med den fremste tillitsvalde blant studentane ved HiB. Anders Kvernmo Langset er leiar i Studentparlamentet med permisjon frå lærarstudiet.

Korleis merkar du streiken i ditt arbeid?
Vi får telefonar og e-post heile tida frå studentar som er usikre på kva som skjer, og kva konsekvensar streiken vil få for dei. Vi har sjølvsagt også tett kontakt med dei i HiB-leiinga som ikkje streikar, for å diskutere situasjonen og planleggje kva som må prioriterast når streiken er over.

Kva konsekvensar har streiken for studentane?
Det som uroar oss mest, er eksamensavviklinga. Det er svært uheldig at eksamen ikkje blir avvikla når studentane har førebudd seg i månadsvis fram mot ein eksamensdato. For somme av studentane - særleg dei som har berre eksamen mellom seg og jobb - er konsekvensane store.

Korleis arbeider de for å hjelpe studentane som blir råka av streiken?
For det første arbeider vi mykje med informasjon. Vi jobbar også tett med høgskuleleiingafor å leggje ein plan for eksamen når streiken ein gong er over. Målet vårt er å sjå til at avgangs- studentane får avlagt eksamen på denne sida av sommaren.

Avgangsstudentane har høgaste prioritet – det er nok ikkje realistisk å få arrangert eksamen for alle før sommaren. Alt kjem an på kor lenge streiken varer.

Kva skjer viss streiken blir langvarig?
Høgskuledirektøren har laga eit skriv som avgangsstudentane kan få med seg til sine nye arbeids- gjevarar. Det er håp om at denne informasjonen vil hindre at avlyste eksamenar vil få økonomiske konsekvensar for dei som startar i ny jobb. Ei gruppe som er særleg utsett, er dei som skal på utveksling eller gå over til masterstudium på andre institusjonar. Eg trur også at Kunnskapsdepartementet må på bana, etterverknadane av streiken blir ei nasjonal utfordring.

Korleis har de opplevd informas- jonen som har kome om streiken?
Dei første dagane var nokså kaotiske, men no er informasjons- flyten sett i system. Høgskulen presenterer oppdatert streikeinformasjon kl. 08.00 kvar morgon. Det er stor aktivitet både på Høgskolen og Student- parlamentet sine sider på Facebook og Twitter. Vi oppmodar til å halde seg oppdatert her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar